ØyVAR har gått føre i arbeidet med å få ned talet på lekkasjar i vassnettet, og låg allereie godt an då regjeringa lanserte dei reviderte, nasjonale måla for vatn og helse i februar. Det nye målet er å få ned lekkasjegraden til 25 prosent innan 2033 i Noreg.

I dag lek gjennomsnittleg 30 prosent av det ferdige reinsa vatnet i Noreg ut av vassleidningane. Dette svarer til om lag 220 millionar m3 vatn, ifølgje tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB). Høg lekkasjegrad og låg grad av fornying av vatnet aukar risikoen for bortfall og forureining av drikkevatn.

Bruker vassmålar til å overvake

Allereie i 2010 tilsette ØyVAR ein ingeniør som skulle jobbe utelukkande med å førebyggje, og overvake for å redusere talet på lekkasjar. I dag er det driftsingeniør Digge Kibreab som har denne jobben.

- Vårt hovudfokus er å få montert flest mogleg vassmålarar på vassleidningsnettet, slik at vi kan overvake nettet og talfeste eventuelle lekkasjar, forklarer Kibreab. Dei stadig fleire vassmålarane ØyVAR har montert, har gjort det mogleg å overvake fleire og fleire av vassrøyra, som strekk seg over meir enn 430 kilometer i vår langstrakte kommune.

Reparerer lekkasjane raskt

Den viktigaste overvakinga skjer nattetid, så kvar morgon startar Kibreab med å analysere vassforbruket den føregåande natta. Har det vore uforholdsmessig mykje vassføring i røyr som normalt skulle hatt nullforbruk når innbyggjarane søv, kan dette tyde på ein lekkasje som han må undersøkje nærare.

Då tek han blant anna med seg lydutstyr ut til det aktuelle området for å finne nøyaktig kor det lek. Utstyret lyttar til vassføringa i røyra og gjer det enklare for driftsingeniøren å finne lekkasjen. Nokon gonger skjer det etter ti minutt. Andre gonger tek det vekevis å lokalisere den. Kibreab sørgjer deretter for at lekkasjane dei finn vert reparert så fort som mogleg.

Førebygger lekkasjar med optimalisering av trykket

Ein annan viktig del av jobben til Kibreab er å førebygge lekkasjar på vassnettet. Det gjer han mellom anna ved å montere trykkreduksjonsventilar på strategiske stader på vassnettet.

- Ved hjelp av desse trykkreduksjonsventilane kan vi optimalisere trykket vatnet har når det transporterast gjennom vassnettet. Trykket må liggje høgt nok til at alle abonnentane får nok trykk i springen, men lågt nok til at det førebyggjer slitasje og brot på vassrøyra, forklarer driftsingeniøren.

Gode resultat

Innsatsen til Kibreab og hans forgjengar har gitt resultat. I 2022 var lekkasjegraden heilt nede i 18 prosent, som er langt under dei nasjonale måla for 2033. I 2023 vart talet høgare, med ei gjennomsnittleg lekkasjegrad på 24 prosent, men framleis allereie under dei nasjonale måla for 2033.

Den nitide overvakinga og førebygginga sikrar reint vatn til innbyggjarane til ein kvar tid.

- Vi er godt nøgd med at dette systematiske arbeidet har gitt resultat så langt, men gjer oss ikkje her. Vi har no montert 132 vassmålarar og 15 trykkreduksjonsventilar i Øygarden, og har ambisjonar om å montere mange fleire i 2024, seier fagansvarleg for vatn og avløp, Stig Hagenes, i ØyVAR.


Lagt inn: 15.04.2024