– Måling er jo brannfarleg væske, så det er veldig lurt å få det ut av huset når ein er ferdig med det, seier Richard på Midtstegen gjenbruksstasjon.

Måling kan òg innehalde miljøgifter og må ikkje skyljast ut i vasken. Lever både oppbrukte målingsspann og spann med målingsrestar på oppmerka stad på gjenbruksstasjonen.

Lim, spillolje, sprayboksar, lyspærer, kjemikaliar og sterke rengjeringsmidlar klassifiserast også som farleg avfall og skal heller ikkje kastast i restavfall. Farleg avfall er avfall som kan vere skadeleg for dyr, menneske eller miljø. Emballasjen til farleg avfall er ofte merka med faresymbol, så sjå etter trekantsymbolet på emballasjen.

Lever det farlege avfallet ditt på Midtstegen gjenbruksstasjon i Skogsvåg. Miljøpunktet på Tjeldstø tek også imot mindre fraksjonar av farleg avfall, som måling, olje, lim, lyspærer og bilbatteri.


Lagt inn: 09.04.2024