Kvar veke blir hyllene i brukthallen på Midtstegen fylt opp med bøker som nokon er ferdig med. Her kan du finne bøker i alle sjangre og dei kan du ta med deg heilt gratis. Enten du har bøker du vil at andre skal få glede av eller har lyst å sikre deg ferielektyre sjølv, kan du komme til Midtstegen gjenbruksstasjon.

Det er vanlege prisar for levering av bøker på gjenbruksstasjonen, men det er gratis å ta med seg bøker og andre ting du finn i brukthallen.

Velkommen til brukthallen på Midtstegen gjenbruksstasjon!


Lagt inn: 25.06.2024