I Øygarden har vi over 40 kommunale anlegg for reinsing av kloakk og avløpsvatn, og ØyVAR har mange tilsette som jobbar kontinuerleg for å sikre at vatnet er reinsa før det blir slept ut på djupt vatn. Men sjølv om reinseanlegga reinsar det meste, er det eit aukande problem at forbruksartiklar dukkar opp i kloakken.

- Noko av det vi finn mest av er plast, tørkepapir og våtserviettar. Vi finn også mykje bind, tamponger og av og til truser, fortel kjemiingeniør Kristine Olsen Strandheim i ØyVAR.

Kristine på laboratoriet
Kristine gjer sin del av jobben for at badevatnet skal vere reint og trygt

- Desse kan skape tilstoppingar og øydelagde pumper på pumpestasjonane, og føre til at avløpsvatnet går i overløp. Det betyr at det finn nye veger der det ikkje høyrer heime, som ut av kummer, over i bekker, ferskvatn og ut i sjøen, forklarer ho.

– Berre tiss, bæsj og dopapir i do.

Hår og matfeitt er andre store syndarar. Det er eit stort problem at feitt skapar tilstoppingar når det størknar i pumpestasjonar eller i slam- og silanlegg. Eit anna typisk problem er at vaskefillene blir skylt ned i do saman med vaskevatnet, og lagar proppar i systemet.

– Ein konsekvens av at anlegga blir tilstoppa og fører til overløp, kan vere E. coli i badevatnet, åtvarar Strandheim, som seier at problemet kan løysast med ein enkel hugseregel:

- Det er berre tiss, bæsj og dopapir som skal i do.

Mikroplast i badevatn og på matfatet

Det er ikkje berre badevatnet som blir påverka av dårleg dovett. Vedlikehaldet blir dyrare på grunn av stadige tilstoppingar og øydelagd utstyr, noko som vil gje høgare kommunale avgifter. Men det er naturen som betalar den høgaste prisen. Når vi kastar til dømes våtserviettar eller kontaktlinser i do, hamnar små mikroplastpartiklar i naturen og i kretsløpet. Det er velkjend at dyr og fisker får det i seg, men visste du at det til slutt kan hamne på ditt eige matfat?

For slammet som blir skilt ut i slamavskiljarar og på reinseanlegga, blir omgjort til nye jordforbedringsprodukt. Det blir til dømes brukt på kornåkrar. Reinseanlegga klarar ikkje å bryte ned dei små mikroplastpartiklane, så det er viktig å passe på at det ikkje kastast i do.

Lite overløp i Øygarden

Det er stort sett trygt å bade i Øygarden, og Strandheim har tenkt å ta seg ein dukkert sjølv i sommar. Øygarden kommune sørgjer for prøvetaking av vatnet på populære badeplassar, og opplyser om avvik på sine sider.

Ho fortel at vi i Øygarden har lite overløp samanlikna med mange andre stader i Noreg, sidan ØyVAR har satsa bevisst på å byggje store nok pumpestasjonar med god kapasitet. Men vi treng likevel betre dovett.

No håper ho at alle hugsar på at vi har eit felles ansvar for reint badevatn og å ta vare på naturen rundt oss.


Lagt inn: 14.06.2024