– Vi ønskja å gje innbyggjarane i Øygarden enklare tilgang til informasjon om renovasjon, kommunale gebyr og anna informasjon knytt til eigen eigedom, og tilbyr difor no tenesta MinEiendom, seier administrerande direktør, Bjarne Ulvestad.

Bjarne Ulvestad vil gje innbyggjarane i Øygarden enklare tilgang til informasjon om kundeforholdet sitt til ØyVAR gjennom MinEiendom

I MinEiendom kan du mellom anna sjå kor mange bosspann det er tilknytt eigedomen, tømmehistorikk og informasjon om neste tømming. Du kan også laste ned tømmekalender herifrå.

Oversikt over kommunale gebyr

Har du septiktank, kan du sjå oversikt over type anlegg, dato for førre tømming og antatt neste tømming. For dei som har vassmålar, er det også mogleg å sjå kva type vassmålar du har og få oversikt over historisk vassforbruk.

I MinEiendom kan du også enkelt halde oversikt over fakturaer for vatn-, avløps- og renovasjonsgebyr. Du får mellom anna vite når neste faktura kjem og får tilgang på fakturahistorikk.

Kan endre fakturahyppigheit

Frå og med september i år vil fakturaene kome kvar månad, i staden for annankvar månad som tidlegare. I MinEiendom kan du endre tilbake til den gamle ordninga med faktura annankvar månad om du ønskjer. Bjarne Ulvestad anbefaler også å endre til eFaktura eller AvtaleGiro som betalingsalternativ.

Du kan kontakte ØyVAR gjennom kontaktskjemaet i MinEiendom, dersom det er noko du lurer på.

MinEiendom finn du øvst i høgre hjørne på ØyVAR si nettside eller her.


Lagt inn: 21.08.2024