Det er ikkje alltid like lett å berekne bosstømminga etter vêret, så hvis sola plutseleg skin og alle samlast på badeplassane eller i turløypene fyllast dei offentlege bosspanna fort opp. Vi tømmer så raskt vi kan på slike dagar, men klarer ikkje alltid å tømme raskt nok.

Vi håper du kan ta med deg bosset ditt om spannet er fullt. Ta gjerne med deg ein ekstra pose når du skal på tur, slik at du har noko å samle det i når du skal heim. Så held vi naturen rein og blir det hyggeleg for alle å vere ute i Øygarden.

Har du nytta ein eingongsgrill er det viktig å vente til den er heilt kald før du kastar den. Skyll den med vatn for å kjøle den ned fortare. Eingongsgrillar skal kastast i eigne, brannsikre dunkar som er plassert på populære samlingsplassar i Øygarden. Finn du ingen slik behaldar, eller er dunken full, må du ta med deg eingongsgrillen. For å unngå brann er det viktig at den ikkje tømmast i (eller oppå) vanlege bosspann eller i naturen.

Nyt sommardagane!


Lagt inn: 10.07.2024