Sidemeny:

ØyVAR AS fell inn under openheitslova og har forankra arbeidet med aktsemdvurderingar i styret 17.10.2022. Rutine for handtering av krav om innsyn er også behandla i styret og er tilgjengeleg for alle tilsette i det interne kvalitetssystemet. På ØyVAR sine nettsider er dei etiske retningslinjene publisert saman med informasjon om ØyVAR sitt arbeid med openheitslova og korleis ein kan komme i kontakt dersom ein ønsker innsyn i arbeidet.

Aktsemdsvurderinga blei gjennomført i 2022, og viste generelt låg risiko då ingen av leverandørane held til i høgrisikoland. Bransjen med høgast risiko er bygg- og anleggsbransjen. Difor har ØyVAR si leverandøroppfølging fokusert på bygg- og anleggsbransjen. Dette arbeidet starta i 2023, men fortsett oppfølging og kartlegging er nødvendig i 2024. Det er så langt ikkje avdekka faktiske negative konsekvensar for anstendige arbeidsforhold og menneskerettar.

I 2023 gjennomførte ØyVAR ei kartlegging av interne forhold. Eitt av funna gjekk på høgt sjukefråvær samanlikna med tidlegare år. Auka i sjukefråvær blir tatt med i det systematiske HMS-arbeidet vidare og samarbeidsorganet AMU vil sjå på tiltak for å betre dette. Det blei også avdekka at ØyVAR ikkje har eit godt system for å sjekke om arbeidstakarar med utdanning og erfaring frå utlandet reelt sett har kurs eller formell kompetanse som er oppgitt. Dette er ikkje ei prekær problemstilling, då ØyVAR har få tilsette med utdanning frå utlandet.

Varsling av forhold som er relevant for ØyVAR sitt arbeid med openheitslova kan, som skildra på oyvar.no, rettast til openheitslova@oyvar.no. Dersom det blir avdekka risiko for brot på anstendige arbeidsforhold eller brot på menneskerettar generelt, vil ØyVAR prøve å stanse, førebyggje eller redusere negativ påverknad / skade og dessutan sørgje for eller samarbeide om gjenoppretting eller erstatning der det er påkravd.

Signert utgåve av denne utgriinga finn du i årsrapporten for 2023.